1

1

"Bakom denne store svingen på ein ukjend framtidsveg ventar det kan henda ingen som kan styra dine steg. Kva du gjer og kva som hender, kor du fer og koss det ender - det er berre opp til deg."
Ingvar Moe

Ved oppstart av Soli Eigedom AS la grunneigarane ned føresetnaden om å legge til rette for ei betring av tilbodet om offentleg transport ut i bygdene våre. Det vart tidleg klart at for å få dette til må Snekkevik, Ebbesvik og Gavlen ta del i ein ringveg som kan effektivisere offentlege transporttenester.

Den overordna visjonen er eit vegmønster som dannar eit åttetal, der den eine sirkelen i åttetalet er Straume- Ebbesvik - Snekkevik - Straume, og den andre sirkelen er Straume - Foldnes - Hjelteryggen - Straume. Dialog med Tide AS har gjort det klart at dette er ei effektiv sløyfe, og kan fungere som eit strakstiltak som vil bidra positivt og auke tilbodet på bussamband mellom Søre Litlesotra og Bergen.

Vegen som knyt saman Ebbesvik og Straume var planlagt og godkjend i regi av Soli Eigedom AS i 2010, og seinare omregulert med ny godkjenning i 2011.

Målet vårt er at  ny kommunal veg mellom Ebbesvik og Straume skal stå ferdig i 2018.