Soli Eigedom AS:
Styret i selskapet handterer alle saker og innspel. Selskapet har ingen administrasjon.

kontakt oss

1

Ein visjon tek form
Grunneigarane i Snekkevika, Ebbesvika og Gavlen samla seg i 1999 for å drøfte temaet utvikling av utmarksområda. Det som samla grunneigarane den gongen, var ønskje om at når områda ein gong skal utviklast, så vil eigarane at denne utviklinga skulle være i tråd med eigne visjonar om korleis bygdene skal sjå ut.

Det vart produsert eit dokument som skildrar utviklingstrekk og innhald, der bygdekultur som grendehus, scene, turstiar og møteplassar med sjøen er lista opp. Denne avtalen har fått namnet "Samarbeidsavtalen".


Samarbeidsavtalen mellom grunneigarane på Søre Litlesotra legg føringar for utviklingstrekka Soli Eigedom AS arbeider mot. Det skal utviklast bærekraftige bygder, med tenester og kulturinnslag som stør opp om trivsel og sosiale aktivitetar. Landskapet sine kvalitetar skal utnyttast slik at både ny og eksisterande busetnad kan trivs i området. Det skal være plass til både unge, vaksne og eldre. Fleire av våre visjonar for området er presentert på eigne sider, som promenade langs strandlinja, turstiar og Geitvika.

Områdeanalyse
Opus Bergen har på oppdrag frå grunneigarane på Søre Litlesotra, utarbeidd ei områdeanalyse.

Analysen avdekka mellom anna at området sør for sentrumsområdet på Straume egnar seg særs godt for busetnad og stille næring.

Soli Eigedom AS har alle rettar til materialet i analysen. Dersom du ønskjer å nytta tekst eller bilete må dette avklarast med oss på førehand.

last ned analysen

Randsona til Straume sentrum
For at Straume sentrum skal lukkast med å utvikle bærekraftige tilbod og tenester må området ha ei randsone med befolkning som er nær sentrum og kan nytta aktivitetstilboda. Søre Litlesotra ligg i gangavstand til sentrum på Straume, og busetnaden vil difor stø opp om livsgrunnlaget på Straume.