Kystlandet
Kystlandet er Strilen sitt rike. Her fann han sitt vyrke, - levevegen, - livet, gjennom tusenvis av år. Mellom dei vakre lyngkledde åsar og stupbratte fjell, fann han ly for storhavet i vest. Han klora seg fast, hausta frå havet og dyrka den skrinne jorda. Han kjempa for tryggleik, trivnad og glede for seg og sine, - og vann. Han førte generasjonane videre. Han skapte framtida. Han er her. Kystlandet i vest si utvikling er tufta på øyriket sine naturlege band til den ville, men rike naboen i vest, havet, - Strilen sitt verdfulle matfat. Storhavet gir vidsyn og utferdstrang og er øyfolket si farlei til resten av verda. På eine sida storaktig, men og det brusande og farlege elementet, - den uendelege avgunnen som krev sitt. Gjennom sitt flittige strev og stae vesen meistra strilen desse utfordringane. Kontrastane har gitt strilen kraft og skaparevne. Soga om det karrige Strilelandet, det fattige og underernærte øyfolket, - Strilane, er snudd til det attraktive og rike landet i vest, som flyt over av mjølk og honning. Søre Litlesotra er ein del av dette Kystlandet der det framleis bur mange strilar. Her vil vi gjera plass slik at fleire kan få del i dette vakre landskapet.

Les meir om vÅre visjonar

Ny veg til Ebbesvik
Den nye vegen til Ebbesvik er regulert til offentleg veg. I samarbeid med Fjell Kommune vil vi syte for ny tilkomst til Ebbesvik og Gavlen via kommunal veg.

Geitvika
Reguleringsplan for Geitvika er no ferdig regulert.

les meir