Soli Eigedom AS:
Styret i selskapet handterer alle saker og innspel. Selskapet har ingen administrasjon.

kontakt oss

1

1

Vi løftar tanken bak Straumemila opp på eit høgare nivå!
Som namnet tilseier, ligg Søre Litlesotra vendt mot sør, med ei fantastisk utsikt frå Ekerhovd og Lie i vest, Kobbeleia i sør, til Bjorøy og Alvøen i aust. Tenk å kunne ta familien med ein fin søndags føremiddag, og spasere frå Snekkevik, via Gavlen og Ebbesvik, heilt fram til Straume - på ein samanhengande promenade langs sjøkanten. På vegen kan ein rasta ved maritime miljø, - kanskje ein nær - kafeteria i Gavlen har nysteikte vaflar og fersk kaffi? Eller ein kan bringa med seg si eiga niste, og finne sin eigen stein langs med sjøkanten, vekk frå andre turgåarar. På vegen møter ein kanskje slekt og vener, eller ein passerer ein bestefar som sit på nabben opptatt med eit barnebarn, der han peikar utover fjorden for å syna dei små kor dei beste fiskeplassane er.

Dette er ein av visjonane som driv grunneigarane bak Soli Eigedom AS. For å få dette til, må vi ha med oss både dei som bur i området i dag, Fjell kommune, fylket, og kanskje også bidragsytarar til både kunst og anna langs strandpromenaden vår.

Vi gler oss alle til denne visjonen blir implementert i takt med godkjenning av regulering i området.